1636 - Ca 1710 (74 år)
Set As Default Person
-
Navn |
Kylland-Nesland, Per Torgeirsson [2, 3] |
Slektskap | med Oluff Smittland |
Født |
1636 |
Kylland, Åseral, Vest-Agder, Norge [3] |
Kjønn |
Mann |
Død |
Ca 1710 |
Nesland, Åseral, Vest-Agder, Norge [3] |
Notater |
- Då skiftet etter Torgeir Kylland blei halde ca. 1660, må sonen Per ha fått til innløysing 1 hud i Kjetilstad og ½ hud i Nesland. I Lk. 1661 står det at han då i Kjetilstad «eyer och bruger 1 hud». Bruket på Nesland leiger han ut til andre. Per budde nå i mange år på Kjetilstad.
I 1681 blei han blanda inn i ei drapssak på garden Håland i Grindheim, «da der holdtes doemm (?)». Det var Jon Mortensson Flottorp som miste livet. - Jon kom først i «klammeri» med Endre Ånundsson Håland og «blev skaaren af hannem med en Knif udi sit ansicht». Sidan kom han i trette med Per Torgeirsson, «som hannem ogsaa med en Knif beskadiget udi sit hofuit». Straks etter kom Jon på nytt i trette med Endre Håland, som nå slo han i hovudet med eit «støche træ». «Af disse skader er bem. Jon straks der effter bortdøed.» Då saka kom opp på tinget, fortalde viglysingsmennene, Torgrim Mjåland og Olav Håvorstad, at Per Torgeirsson kom til dei om natta, etter at drapet hadde skjedd på kvelden. Han fortalde då om den ulykka han var komen uti, og sa at Jon Mortenson hadde slege han med eit vedtre på auga og kinnet, og dertil skadd fingrane hans med kniv. Etter messa 30. juli 1682 då allmugen var samla på kyrkjegarden, bad Per dei gi han skotsmål om «huordan han sig her sammesteds udi lif og lefnit hafuer skichet og forholdt». Allmugen gav han godt lov, og ingen hadde noko å klaga på han. Lensmann Gunnulf K. Åsland og 11 lagrettemenn sette opp brev om det allmugen vitna. Presten Søren Thornsen Schive skreiv og eit vitnemål der han seier at Per har levd kristeleg og fredsamt - drapet unnateke. Men då saka skulle opp til avgjerd same hausten, var Per hardt sjuk og kunne ikkje møta. Presten hadde sett til han og gitt han «alterens sakramente», han trudde ikkje at Per kom til å overleva. Saka laut derfor setjast ut. Men Per friskna til att, og dommen fall i Christiansands laugstue 18. april 1683. Per hadde handla i naudverje, og skulle derfor sleppa med halv mannebot, «trende atten laad sølf, som ichon er 27 rd.» Desse pengane skulle han betala til den dødes ettermålsmenn. Dessutan skulle han «gifue til "huusaren" udj Christiansand 6 rigsdlr.» Denne bota svara til 11 gode kyr, og Per hadde i desse åra selt bruket sitt i Kjetilstad til bror sin Ånund og flytt til Nesland, der han budde resten av si tid. Han auka eiga si i Nesland, slik at han åtte halve garden, 1 hud 3 ksk. Ein har dessverre ikkje skiftebrevet etter Per. Men det er nemnt i skiftet etter sonen, Tjarand Persson, og datert 4. juni 1711. Farsnamnet til Per må der vera feilskrive. Nokon Per Ånonson som åtte halve Nesland, er ikkje nemnd i skattelistene (kan det vera soneson til Per, son til Ånund Persson?) [3]
|
Person ID |
I2233 |
Smedsland |
Sist endret |
7 Nov 2015 |
Far |
Kylland, Torgeir Persson, f. Ca 1590, Kylland, Åseral, Vest-Agder, Norge , d. Ca 1659, Kylland, Åseral, Vest-Agder, Norge (Alder ~ 69 år) |
Famile ID |
F1721 |
Gruppeskjema | Familiediagram |
Familie |
Ljosland, Olaug Tjarandsdtr, f. Ljosland, Åseral, Vest-Agder, Norge , d. Ett 1752, Nesland, Åseral, Vest-Agder, Norge |
Gift |
J [2] |
Barn |
| 1. Nesland, Torgeir Persson, f. 1664, Nesland, Åseral, Vest-Agder, Norge , d. Ca 1738, Nesland, Åseral, Vest-Agder, Norge (Alder 74 år) |
| 2. Nesland, Tjarand Persson, f. 1687, Nesland, Åseral, Vest-Agder, Norge , d. Ett 1752, Nesland, Åseral, Vest-Agder, Norge (Alder 66 år) |
|
Sist endret |
25 Aug 2013 |
Famile ID |
F753 |
Gruppeskjema | Familiediagram |
-
-
Kilder |
- [S67] Egil Nilsens slektbase, Egil Nilsen, (Database laget av Egil Nilsen i Brothers Keeper. Avsluttet ca 1995).
- [S3] Familie-opplysninger, (Muntlig/skriftlig redegjørelse fra personer i familien), Egil (Troverdighet: 4).
- [S7] BB Åseral - Gard og ætt, (N.p.: Åseral bygdesogjenemd, 1976-1985.), 2: 526. (Troverdighet: 3).
|
|