1. | Ljosland, Karl Olavsson ble født 1889 , Ljosland, Åseral, Vest-Agder, Norge; døde 1968, Håvestøl, Åseral, Vest-Agder, Norge. Notater:
Det var Karl som skaut den siste bjørnen som blei skoten i Åseral. Det var våren 1910. Og Karl var då i 20 års alderen. Ånund Ljosland hadde sett far etter en bjørn vest i Gråfjellet på Ljosland. Og då Karl høyrde det, fekk han med seg jakt-kameraten Fredrik Borteli. Dei 2 unge gutane fylgde so farvegen etter bjørnen sørover til Glypefjellet vest i Gardsheia. Der fekk Karl auga på bjørnen attmed ein stein. Han lyfte børsa og tok sikte. «Men eg skalv so på handa at eg laut taka børsa ned att,» fortalde han. «Noko å leggja børsa på fantes ikkje i nærleiken. So beit eg tennene hardt ihop og tok sikte på nytt. Og då datt han for første skotet.» Det var ein stor slagbjørn som hadde vore skoten etter før. Folk kalla han «Bjønnen med den skakke foten». Sommar etter sommar hadde han fåre ikring i heiane og drepe sauer som gjekk på beite. Dei 2 bjørnjegarane fekk difor 300 kr. i skotpremie, endå den vanlege premien for bjørn då var berre 50 kr..
Karl giftet seg med Røynlid, Bodil Larsdtr 30 Sep 1920, Åseral kirke, Åseral, Vest-Agder, Norge. Bodil (datter av Røynlid, L.T.) ble født 1897 , Røynlid, Åseral, Vest-Agder, Norge; og døde. [Gruppeskjema]
|