Nyheter: Velkommen til Smedslands-slekta på nett! Nå endelig oppdatert 18.Feb.2020.
Det er lagt til over 1000 nye personer siden sist! - Nå over 18000 personer!

For å kunne se nålevende personer må du ha brukernavn og passord. Dette utdeles til slektninger - så bare ta kontakt (nederste menyen på venstre side).
  Fornavn:  Etternavn:
Logg inn
Avansert søk
Etternavn
Hva er nytt?
Etterlysninger
  • Bilder
  • Dokumenter
  • Gravsteiner
  • Historier
  • Opptak
  • Videoer
  • Album
    Alle media
    Kirkegårder
    Steder
    Notater
    Datoer og jubileer
    Kalender
    Rapporter
    Kilder
    Arkiver
    DNA tester
    Statistikk
    Bytt Språk
    Bokmerker
    Ta kontakt

    Sveindal, Osmund Johnson

    Mann 1746 - 1771  (25 år)


     Set As Default Person    

    Personlig informasjon    |    Kilder    |    Alle    |    PDF

    • Navn Sveindal, Osmund Johnson  [1
      Slektskapmed Oluff Smittland
      Født 1746  [1, 2
      Kjønn Mann 
      Status Never Married 
      Død 1771  [1
      Notater 
      • Etter Johns død fekk son hans, Osmund, garden. Men han døde ugift i 1771. Ved skiftet etter han møtte det fleire åsdøler med Anders Gunnuson i brodden. Dei påstod dei var arvingar, og då skrivaren spurde um det ikkje var fleire som hadde arverett, svara dei nei, endå dei godt visste at Osmunds bestemor Susanna Pedersdotter, enno var i live. Dei delde so arven. Garden som vart lyst til auksjon, kjøpte Anders Gunnuson for 1600 rdl.

        Dette var sjølvsagt heilt ulovleg, og Anders Gunnoson fekk då ogso straks etter skiftet var slutt 2 stemningar: Susanna Pedersdotter som var eine arving kravde nytt skifte, og Torkeld Johnson, eldste son til John Torkeldson og Randi, stemde på garden som han meinte han hadde odelsrett til og difor kunde Tøysa inn for 400 rdl., som han var sett i ved skiftet etter John Sørenson i 1760.

        Anders Gunnuson som skyna det bar galt avstad prøvde so eit nytt fantestykke: Han fekk «forført og forledet» Susanna til å skriva under ei «Contract» som gjekk ut på at arven etter Osmund Johnson skulde delast likt millom Susanna på den eine sida og han og dei andre arvingane på den andre.

        Det er truleg sant det Susanna som no var svært gamal seinare segjer, at ho «ikke forstoed eller vidste hvortil denne Contract Sigtede». Då ho fekk greida på det gjekk ho difor ifrå heile avtalen og kravde dom i saki. Ved domen som fall i Christiansands Laugting 1776 vart det fyrste skifte «tilsidesat og henvist til nydt Skifte og Deling». Men sjølvsagt anka Anders Aasland saki inn for Kristiansands baugrett.

        Torkel tapte si sak i underretten. Men ogso han anka til laugretten. Medan saki gjekk der, gjorde han og Susanna ei avtale um at han skulde få dei 2 huder i Sveindal for 400 rdl. på det vilkor at han la ut pengar til saki hennar med Anders Aasland.

        I laugretten tapte Anders Aasland båe sakene:

        Det skulde nytt skifte som underretten hadde sagt, og Torkel Sveindal skulde ha garden

        Straks etter at desse domane var sagde gjorde Susanna, Torkel og Anders Aasland ei skriftleg semja um at no skulde all strid millom dei vera slutt. Anders skulde i eit og alt retta seg etter domane, og Susanna og Torkel skulde som vederlag for dei utlegg han hadde hatt betala 100 rdl., dersom han ikkje braut forliket.

        Men det gjorde han. Då tidi kom vilde han ikkje gjeva frå seg garden, men sette inn leigefolk som um han var den rette eigaren. Det vart då sjølvsagt ei ny sak som Andres tapte med glans både i underretten og laugretten, og Torkel fekk garden.

        Men Anders gav seg endå ikkje. Han anka sak! inn for «Oberhoffretten» og klaga yver at Torkel på «en lovstridig og næsten voldsom maade haver udkastet hans Leilendinger» uten å ha betalt det Anders hadde tilgode. I «Oberhoffretten» gjekk det reint galt. Han tapte saki og måtte i «Kost og Tæring» betala 30 rdl. til Torkel Johnson.

        Etter endå ei sak som gjekk både i underretten og laugretten fekk Anders dei 100 rdl. han etter semja skulde ha av Susanna og Torkel, då det ikkje var sagt tydeleg nok at han skulde tapa desse pengane dersom han braut forliket.

        Torkel Johnson blei ei svært rik mann. Han var ikkje gift og døde i 1829 , 84 år gamal. [1]
      Person ID I3151  Smedsland
      Sist endret 25 Aug 2013 

      Far Sveindal, John Sørensson,   f. 1718, Sveindal, Grindheim, Vest-Agder, Norge Finn alle personer med hendelser på dette stedet,   d. 1760  (Alder 42 år) 
      Mor Åsland, Ingeborg Aasmundsdtr,   f. 1719, Åsland, Åseral, Vest-Agder, Norge Finn alle personer med hendelser på dette stedet,   d. 1750  (Alder 31 år) 
      Famile ID F1086  Gruppeskjema  |  Familiediagram

    • Kilder 
      1. [S17] Webside, http://www.personainternet.com/~rseland/htm/ss_06.htm (Troverdighet: 3).

      2. [S8] BB Grindheim, Gards- og ættesoge, Magnus Breilid, (N.p.: Bygdesogenemnda, 1966.), s 363. (Troverdighet: 3).