1793 - 1878 (85 år)
Set As Default Person
-
Navn |
Kvåle, Jon Simonson [2] |
Slektskap | med Oluff Smittland |
Født |
30 Jun 1793 |
Steinsland, Hægebostad, Vest-Agder, Norge [3, 4] |
Kjønn |
Mann |
Eiendom |
1819 |
Telhaug, Eiken, Vest-Agder, Norge [2] |
kjøpte Telhaug av sin far Simon |
- Det var truleg kring 1804 at Simon kjøpte halve bruket i Tilhaugen av broren Knut Jonson, men først i 1815 fekk han tinglyst skøyte på det. I 1819 skøytte han Tilhaugen over til sonen Jon. Bruket på Kvåle blei selt til eldste sonen same året med tinglyst føderådskontakt.
|
Eiendom |
1824 |
Skeie, Eiken, Vest-Agder, Norge [5] |
et bruk |
- Men dette mistet han igjen på odel.
|
Omtale |
Fra Slektsrøter: [6, 7] |
- Jon var ein drivande kar og tok til med krøterhandel. Det var i ei tid då prisane på krøter uventa gjekk mykje opp frå våren til hausten. Han hadde kjøpt inn om våren - truleg mest haustbære kyr. Han tente noko reint uhorveleg mykje berre på ein sumar. - Ein annan mann, som også prøvde seg på same handelen, tente så mykje at han blei redd og slutta med handelen. Men det gjorde ikkje Jon. Han heldt på med å handle og tente seg etter tilhøva rik.
Då så Nordre Skeie, gnr. 74, bnr. 9-10, skulle seljast på auksjon, måtte han opp og fekk tilslaget på sitt bod. Han var den einaste av dei som var tilstades som kunne ta ut av lommeboka og leggje på bordet den summen som skulle til. - Far har skreve til Elisabet Nilsen, f. Smedsland at det var 800 rd. Til meg har han fortalt - så vidt eg hugsar - at det var 4000 rd. Jon fekk garden og betalte han kontant, men Mass Skeie tok sidan garden frå han på odel. Då Mass flytte frå bygda, fekk son hans, Tosten, garden. Men han blei sjuk. Då han låg for døden, sa han til far, som såg innom han, at far skulde få kjøpe garden, sidan Mass hadde teke den frå Jon på odel. Han ville ha 8000 rd _ kr 32 000, -. Men far våga seg ikkje til å kjøpe. Det var for høgt spel. - Men Ola på Trottebaken kjøpte garden til den prisen, selde det meste av skogen på eit visst mål og fekk så mykje for den at han kunne betale kjøpesumen med ein gong, og så sat han att med garden - gjeldfri.
Ei tid har Jon vore husmann på Skeie. Det går fram av Kb. Då den andre son hans, Andreas, var til dåpen, blir han kalla husmann. Men om det var før eller etter han åtte Nordre Skeie, skal vere usagt. Men han har set seg om etter noko større og høvelegare, som kom han til å kjøpe Tilhauen eller Fjeldhaugen, som staden og blei nemnd. - Der var lagleg å drive krøterhandel, samle drifta - dersom han ville ligge i heie med krøter om sumaren. Og der var det greidt å skilje - som dei sa - om hausten. Og så kunne han reise austover med haustbere kyre og samstundes ta med slakt til byen.
Det var eit fritt og friskt liv i heia, men hardbale og farefullt. - Han måtte ofte jage bjørnen, som kom og ville ha seg eit godt måltid kjøt i drifta. Ein gong han hadde bjørnen på gjesting, jaga han den. Bjørnen rømde. Jon sette da ein ung gut, som han hadde med seg, til å jage bjørnen vidare. Men det gjekk ikkje. Bjørnen vyrde ikkje guten, stansa og sette seg på huk - vend mot guten, som ikkje våga seg til å gå på. Så måtte Jon ta opp forfyljinga. Han rende til med stauren lyft som til slag, skråla og skreik, skjende og kalla bjørnen. Då drog bjørnen seg unda, snudde seg og hyfste avstad. Jon prøvde eit par gonger å la guten overta forfylgjinga, men det gjekk ikkje. Og så måtte Jon jage bjørnen så langt at dei kunne vone å vere fri han for ei tid.
|
Rett |
1851 [8] |
Straffarbeid i 7 år for å ha slått ihjel sin kone |
- Jon hadde vore vest eller uti bygda, og der hadde han kome på fylla. Som smågut høyrde eg ein gong naboen vår, Andreas Joansson, fortelje til mormor at på heimvegen hadde Jon vore innom i eit hus på Kvåle og lånt ei halv flaske brennevin.
Han ville ha den til Torber - hadde han sagt. Ho var alltid så i ulag og sutren, når han hadde drukke. Han kom heim, og kva som då gjekk føre seg, er noko uvisst.
Torber døydde 4 - fire - dagar etterpå, og i kyrkjeboka står i "merknader": "Død etter 4 dager at have lagt målløs, og det fantes hul på hennes hoved og blod på veggen, er hendes mand mistenkt for at have bevirket hendes død. Konen fantes målløs efterat manden der beskjenket var kommet hjem, hadde vært alene med hende. "
Saka kom for retten, og etter fleire forhør fekk Jon denne dommen:
«i»"Thi kjendes for ret:
Tiltalte Jon Simonsen Tilhaugen b for ved uden overlog at have tilf sin kone med hvem han i samliv s mishandling at hun derav d at hensettes i strafarbeid i 7 - syv - samt betale de av denne sag f omkostninger, hvorunder 36 - trettiseks - specier i salarium til referenten i hovedsagen, prokurator Barth, og 6 - seks - species til referenten ved det i Joderen og Dalane opptagne tingsvedne, prokurator Thambe - at fulbyrdes ved foranstaltning under adferd efter loven. "
«/i»Jfr. justisprotokol nr. 12, side 169 og Lyngda[l] Domsbog for 1839- 1856 - 3. Rettsprotokoller pag. 464 og 465.
|
Navn |
Jon Sigmonson (Skeie) Quåle [3] |
Yrke |
Bonde og krøtterhandler [9] |
Død |
14 Sep 1878 |
Telhaug, Eiken, Vest-Agder, Norge [3] |
Notater |
- Jon kom fra Steinsland i Hægebostad, var senere en tid husmann på Skeie for så å kjøpe Telhaug, også kalt Tilhaug og Fjeldhaugen. (Slektsrøter)
I 1851 fikk Jon 7 års straffarbeid for å ha drept sin kone, Torber. Hun døde 6. desember i 1851. Det heter i kirkeboken under merknader: Død efter 4 Dager at have lagt målløs, og det fantes Hul paa hendes Hoved og Blod paa Veggen.."(Slektsrøter s. 5) Han ble dømt for uten overlegg å ha drept sin kone ved å ha mishandlet henne. [3, 10]
|
Person ID |
I30 |
Smedsland |
Sist endret |
7 Nov 2015 |
Far |
Kvåle, Simon Jonson, f. 24 Jun 1758, Kvåle, Eiken, Hægebostad, Vest-Agder, Norge , d. 9 Mai 1838, Kvåle, Eiken, Hægebostad, Vest-Agder, Norge (Alder 79 år) |
Mor |
Hommekland, Randi Andersdtr, f. 1747, Hommekland, Hægebostad, Vest-Agder, Norge , d. 17 Jun 1813, Steinsland, Hægebostad, Vest-Agder, Norge (Alder 66 år) |
Gift |
24 Aug 1782 [3] |
Bolig |
1785 |
Hommekland, Hægebostad, Vest-Agder, Norge [2] |
fra |
Bolig |
Ca 1785 |
Steinsland, Hægebostad, Vest-Agder, Norge [2] |
fram til |
Bolig |
1802 |
Kvåle Lille, Eiken, Hægebostad, Vest-Agder, Norge [2] |
Famile ID |
F19 |
Gruppeskjema | Familiediagram |
Familie |
Hommekland, Torborg Andersdtr, f. 22 Okt 1786, Hommekland, Hægebostad, Vest-Agder, Norge , d. 6 Des 1851, Telhaug, Eiken, Vest-Agder, Norge (Alder 65 år) |
Gift |
26 Jun 1820 [3] |
Bolig |
1824 |
Nerstøl, Eiken, Hægebostad, Vest-Agder, Norge [5] |
fram til |
Bolig |
1840 |
Telhaug, Eiken, Vest-Agder, Norge |
fra før |
- Hvorfor ikke allerede fra 1819?
|
Barn |
| 1. Telhaug, Simon, f. 14 Sep 1822, Nerstøl, Eiken, Hægebostad, Vest-Agder, Norge , d. 4 Apr 1849, Telhaug, Eiken, Vest-Agder, Norge (Alder 26 år) |
| 2. Telhaug, Andreas Jonson, f. 29 Sep 1827, Skeie, Eiken, Vest-Agder, Norge , d. 31 Mai 1902 (Alder 74 år) |
|
Sist endret |
27 Des 2013 |
Famile ID |
F12 |
Gruppeskjema | Familiediagram |
-
Hendelseskart |
|
| Født - 30 Jun 1793 - Steinsland, Hægebostad, Vest-Agder, Norge |
|
| Eiendom - kjøpte Telhaug av sin far Simon - 1819 - Telhaug, Eiken, Vest-Agder, Norge |
|
| Eiendom - et bruk - 1824 - Skeie, Eiken, Vest-Agder, Norge |
|
| Bolig - fram til - 1824 - Nerstøl, Eiken, Hægebostad, Vest-Agder, Norge |
|
| Bolig - fra før - 1840 - Telhaug, Eiken, Vest-Agder, Norge |
|
| Død - 14 Sep 1878 - Telhaug, Eiken, Vest-Agder, Norge |
|
|
-
Kilder |
- [S67] Egil Nilsens slektbase, Egil Nilsen, (Database laget av Egil Nilsen i Brothers Keeper. Avsluttet ca 1995).
- [S5] BB Eiken Gards- og ættesoge, Eiken sogelag, editor, (Eiken: Eiken sogelag, 2008->.), 1: 294. (Troverdighet: 3).
- [S3] Familie-opplysninger, (Muntlig/skriftlig redegjørelse fra personer i familien), Egil (Troverdighet: 4).
- [S24] Andreas Telhaug: Slektsrøter, Andreas Telhaug, (N.p.: egen, 1982.), s 3-4. (Troverdighet: 3).
- [S5] BB Eiken Gards- og ættesoge, Eiken sogelag, editor, (Eiken: Eiken sogelag, 2008->.), 1: 391. (Troverdighet: 3).
- [S24] Andreas Telhaug: Slektsrøter, Andreas Telhaug, (N.p.: egen, 1982.), s. 5-6. (Troverdighet: 3).
Før skiftet i juni 1676
- [S24] Andreas Telhaug: Slektsrøter, Andreas Telhaug, (N.p.: egen, 1982.), s 4-5. (Troverdighet: 3).
- [S24] Andreas Telhaug: Slektsrøter, Andreas Telhaug, (N.p.: egen, 1982.), s. 6. (Troverdighet: 3).
Før skiftet i juni 1676
- [S3] Familie-opplysninger, (Muntlig/skriftlig redegjørelse fra personer i familien), Egil (Troverdighet: 3).
- [S24] Andreas Telhaug: Slektsrøter, Andreas Telhaug, (N.p.: egen, 1982.), s 5. (Troverdighet: 3).
|
|