Nyheter: Velkommen til Smedslands-slekta på nett! Send meg gjerne 'rapporter' om hvordan det fungerer, og veldig gjerne oppdaterte og nye data også. Det kommer stadig nye til, og noen faller fra.
For å kunne se nålevende personer må du ha brukernavn og passord. Dette utdeles til slektninger - så bare ta kontakt (nederste menyen på venstre side).
  Fornavn:  Etternavn:
Logg inn
Avansert søk
Etternavn
Hva er nytt?
Etterlysninger
  • Bilder
  • Dokumenter
  • Gravsteiner
  • Historier
  • Opptak
  • Videoer
  • Album
    Alle media
    Kirkegårder
    Steder
    Notater
    Datoer og jubileer
    Kalender
    Rapporter
    Kilder
    Arkiver
    DNA tester
    Statistikk
    Bytt Språk
    Bokmerker
    Ta kontakt

    Smedsland, Søren Fredrikson[1]

    Mann 1718 - Ett 1775  (~ 57 år)


     Set As Default Person    

    Personlig informasjon    |    Kilder    |    Hendelseskart    |    Alle    |    PDF

    • Navn Smedsland, Søren Fredrikson  [2
      Slektskapmed Oluff Smittland
      Født Omkr 1718  Smedsland, Grindheim, Vest-Agder, Norge Finn alle personer med hendelser på dette stedet  [2
      Kjønn Mann 
      Rett 1746  [3
      etter et blodig bryllup på Øvre Øydne 
      • Se notater..
      Skifte 1775  [4
      • Både han og kona levde da skiftet ble foretatt.
      Død Ett 1775  Smedsland, Grindheim, Vest-Agder, Norge Finn alle personer med hendelser på dette stedet 
      Notater 
      • I 1746 - om hausten - var det eit blodig brudlaup på Øvre Øydne, og det blei året etter skildra omlag slik i rettsbøkene av folk som var der: Ragnild Olsdtr, fortale at brudlaupet var hjå bror hennar, Reier Olson. Om kvelden hadde ho og fleire andre kvinner sete i eldhuset der det lyste frå ei flis på aren. Brått kom spelemannen Søren Smedsland inn og etter han Ole Ås og Elling Øydneheia. Elling spurde så om Ole Ås ikkje måtte låne fela av Søren for å spela i brudlaupsstova, for no ville dei dansa med brura. Søren svara nei til dette, og Elling bad han då sjølv gå inn å spela, men Søren svara då så uhøvisk at Elling tok fatt i han og Ole Ås kom imillom. Ragnild reiv Søren til seg og merka i det same at skoren ( eller det jern hvor udi grydene henger på skorstenen ) blei lyfta av, men ho fekk kasta det under ein benk i eldhuset. Med det same blei elden sløkt på aren, og Ragnild treiv etter Søren og drog han bort. Ole Ås ropa då stygge ord etter henne, og i det same høyrde ho Lars Torkelson tala: - Er det deg Ragnild? Kom og hjelp! Dei har slege meg, eg er død! Ragnild tok så Lars som låg på golvet og lyfta han opp på ein benk. Då sa han at ein hadde skuva han mot heddebordet . Det blei reida opp seng i eldhuset til Lars, og morgonen etter blei han boren heim. Jorun Madsdtr. hadde då vore i brudlaupet og høyrt og sett på udåden. Det same hadde Sigmund Gar son, som også hadde spurt Lars Torkelson kven som hadde slege han. - Gud veit det, eg veit det ikkje, hadde han svara. Peder Paulson Bloge hadde ikkje vore i eldhuset då levenet var der, men i heimen til brudgommens far. Her kom Søren Smedsland like etter udåden så drukken at han snautt sansa, og meinte dei kom fra brudlaupsstova for å drepe han. Knud Olson Rebås møtte Ole Ås  like etter levenet, og Ola "begiamrede sig med skrig og gråd og ba Gud bevare sig", og fortalde "at Lars Torkelson haver faaet saa store skader at han ligger for et dødt menneske ", og at folk sa det var han som hadde skada han. Men Ole tok Gud til vitne på at det hadde han ikkje, og la til: "Nu skal jeg gå lige på Øydnevannet og siunke mig ned og aldri se hverken Aas, kone eller børn mere." Targier Olsdtr, Ås fortalde at Søren Smedsland dagen etter brudlaupet hadde sagt at dersom det blei vitna på han at han var gjerningsmannen, ville han ikkje røma, - "for hans blod var ei bedre enn Lars Torkelsens". Ut på dagen då Søren var blitt full att, hadde Targier møtt han ute på garden då ho gjekk med eit barn på armen. Søren sa då: "Det er eit vakkert barn du har, Targier. Også eg har eit slikt barn heime. Gud betre meg, skal eg nå bli nøydd til å reisa frå det." Torborg Osmundsdtr. Øydne hadde kome i eldhuset då dei reiste Lars Torkelson "op af hans daanelse", og ho høyrde dd Ole Ås sa til han: "Lars, bror min, meiner du eg har gjort dette?" Men Lars kunne ikkje tala då, og Ole for på dør. Torkel Torkelson Øydne, eldste broren til Lars, fortalte at Lars før han døydde hadde sagt: "Eg har ein tanke om kven som har gjort dette, og Gud vil nok openberra det". Då Lars Torkelson hadde fått denne medfarten, blei kvakksalvaren Torgius Lauen henta. Han kom inn i eldhuset der Lars låg og blødde slik at "blodet stod opp efter veggen". Torgius tok då og - "stillede blodet med sin hånd", og gav Lars noko vatn sd han kunne tala. Morgonen etter klyppte Torgius håret på Lars, og fann at skaden var liten. Ein mann frå Feda - "navnlig Søren Bugge" - var hjå Lars tvo gonger - "for at ordinere ham hielpp eller medicamenter", men det trettande dagen døydde han. Tidleg om morgonen etter gravferda til Lars kom Simon Anderson Grinnem køyrande forbi Gr. kyrkje, og såg då at Ole Ås stod omlag eit børseskot frå kyrkjegarden og såg seg ikring, men gjekk til Mannevegen der han råka tenesteguten til Søren Torgiuson Grinnem. Abel Knudsdtr. Nerstøl hadde ikkje vore i brudlaupet, men dagen etter då folk reiste til kyrkja møtte ho Søren Smedsland på vegen. Han sa då at han ikkje visste om han var fredsmann lenger. Han var "meget beskiænket" og fall overende i vegen, "og havde sin violin sønderslagen hos sig".

        Det blei sjølvsagt fleire rettsmøter om brudlaupet. Lensmannen hadde fått pålegg om å arrestere Ole Ås, men Søren Smedsland var ikkje heime då lensmannen kom. Saka enda med at både Søren og Ole blei frikjende for drap, men dømt . Heile rettssaka segjer oss at hendinga i brudlaupet må ha gått føre seg i fylla, og at spelemannen og dei tvo andre karane ikkje visste kva dei sa eller gjorde. Dei var heilt fortvila over det som var hendt. Det syner heile deira åtferd etterpå, så her må nok det sterke ølet taka skulda. Men hendinga blei seint gløymt, for heilt til våre dagar kan gardsfolk fortelje om flodflekkane som aldri ville gå ut or veggane etter dette brudlaupet. [3, 5]
      • (Research):Bygdeboka forteller om et annet slektsforhold til Sørens kone, som også ender opp hos Knud Skraddar:

        Kona til Søren Fredrikson Smedsland - Anna - var komen frå Åsland i Åseral. Far hennar var Anders Gunnulvson, som var son e. Gunnulv Knudson og som var son til Knud Knudson Austgard. Mor til Anna - Gunild - var dotter til Ånon Kylland.
        Det blei såleis slektskap millom Oluff og Madsfolket på Smedsland og Knud -folket i Åseral.
      Person ID I2113  Smedsland
      Sist endret 7 Apr 2016 

      Far Smedsland, Fredrik Olson,   f. Omkr 1688, Smedsland, Grindheim, Vest-Agder, Norge Finn alle personer med hendelser på dette stedet,   d. Omkr 1748, Smedsland, Grindheim, Vest-Agder, Norge Finn alle personer med hendelser på dette stedet  (Alder ~ 60 år) 
      Mor Sveindal Vestre, Anna Larsdtr,   f. Omkr 1690,   d. Før 1733  (Alder ~ 43 år) 
      Gift J  [6
      Famile ID F716  Gruppeskjema  |  Familiediagram

      Familie Mørk, Anna Kristine Christensdtr,   f. Omkr 1722, Åsland, Åseral, Vest-Agder, Norge Finn alle personer med hendelser på dette stedet,   d. Ett 1775, Smedsland, Grindheim, Vest-Agder, Norge Finn alle personer med hendelser på dette stedet  (Alder ~ 53 år) 
      Gift Omkr 1747  [7
      Barn 
       1. Smedsland, Anna Sørensdtr,   f. Omkr 1747, Smedsland, Grindheim, Vest-Agder, Norge Finn alle personer med hendelser på dette stedet,   d. 1825, Fiskland, Åseral, Vest-Agder, Norge Finn alle personer med hendelser på dette stedet  (Alder ~ 78 år)
       2. Smedsland, Methe Kristina Sørensdtr,   f. Omkr 1749, Smedsland, Grindheim, Vest-Agder, Norge Finn alle personer med hendelser på dette stedet,   d. Ja, ukjent dato
       3. Smedsland, Ole Sørenson,   f. 1753, Smedsland, Grindheim, Vest-Agder, Norge Finn alle personer med hendelser på dette stedet,   d. 1830, Smedsland, Grindheim, Vest-Agder, Norge Finn alle personer med hendelser på dette stedet  (Alder 77 år)
       4. Smedsland, Fredrik Sørenson,   f. Omkr 1755, Smedsland, Grindheim, Vest-Agder, Norge Finn alle personer med hendelser på dette stedet,   d. Omkr 1842, Torsland, Åseral, Vest-Agder, Norge Finn alle personer med hendelser på dette stedet  (Alder ~ 87 år)
      Sist endret 7 Apr 2016 
      Famile ID F718  Gruppeskjema  |  Familiediagram

    • Hendelseskart
      Link til Google MapsFødt - Omkr 1718 - Smedsland, Grindheim, Vest-Agder, Norge Link til Google Earth
      Link til Google MapsDød - Ett 1775 - Smedsland, Grindheim, Vest-Agder, Norge Link til Google Earth
       = Link til Google Earth 

    • Kilder 
      1. [S67] Egil Nilsens slektbase, Egil Nilsen, (Database laget av Egil Nilsen i Brothers Keeper. Avsluttet ca 1995).

      2. [S8] BB Grindheim, Gards- og ættesoge, Magnus Breilid, (N.p.: Bygdesogenemnda, 1966.), s 435. (Troverdighet: 3).

      3. [S8] BB Grindheim, Gards- og ættesoge, Magnus Breilid, (N.p.: Bygdesogenemnda, 1966.), s 59. (Troverdighet: 3).

      4. [S69] Digitalarkivet, SAK, Lister sorenskriveri, H, s. 34971 Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/sk11214091234973 (Troverdighet: 3).

      5. [S8] BB Grindheim, Gards- og ættesoge, Magnus Breilid, (N.p.: Bygdesogenemnda, 1966.), s 438. (Troverdighet: 3).

      6. [S17] Webside, accessed 1 Mar 2013), http://www.geocities.ws/Heartland/Plains/7621/thrane.html (Troverdighet: 3).
        Lagret som Thrane.mht

      7. [S7] BB Åseral - Gard og ætt, (N.p.: Åseral bygdesogjenemd, 1976-1985.), 1: s 30-31. (Troverdighet: 3).